Tenesteområdet «Teknisk drift av servarar og nettverk» skal tene fylgjande føremål:

  • Å sikre at brukarane til ei kvar tid har tilgjenge til eit kjernettverk som er tilstrekkeleg robust og har stor nok kapasitet til at alle oppgåver som føreset at ikt-infrastrukturen er på plass, kan gjennomførast på ein tilfredsstillande måte.
  • Å sikre at all datalagring skjer på ein måte som sikrar at lovmessige krav til tilgjenge, integritet og konfidensialitet er ivaretekne, og at dette kan dokumenterast.

Dette skjer gjennom fylgjande tiltak:

  • Innkjøp og konfigurering av servarar slik at det til ei kvar tid er tilstrekkeleg lagringskapasitet. Dette er IKTNH sitt ansvar.
  • Konfigurering av servaroppsettet slik at ein til ei kvar tid har tilstrekkeleg kapasitet til å ha sikker lagring av informasjon med backup på annan lokasjon. Dette er IKTNH sitt ansvar.
  • Kontroll med og vedlikehald av servarpark og tilhøyrande programvare. Dette er IKTNH sitt ansvar.
  • Planlegging, utviding og konfigurering av kjernenettverket, slik at dette til ei kvar tid stettar kommunen sine krav til fysisk tilknytning til nettverket. Det er kommunen sitt ansvar å formulere desse krava, og å melde inn nye behov i god tid slik at desse kan implementast til rett tid og med minst mogleg konsekvensar for øvrig bruk av nettverket. Det er IKTNH sitt ansvar å sjå til at desse vert stetta.
  • Kontroll med og vedlikehald av sentrale nettverkskomponentar. Dette er IKTNH sitt ansvar.
  • Kontroll med og vedlikehald av nettverkskomponentar ute på lokasjonane. Dette er IKTNH sitt ansvar.
  • Dersom utstyr må skiftast ut grunna teknisk svikt, skal IKTNH forestå dette slik at det får minst mogleg konsekvensar for drift av servarpark og nettverk i tråd med oppsette spesifikasjonar for yting.

Kommunane og IKTNH har eit felles ansvar for å sjå til at nettverk og servarpark fungerer i tråd med oppgitt føremål.

  • IKTNH har heimel for og plikt til å fjerne utstyr i nettverket som ikkje stettar dei tekniske krava som ligg til grunn for dei oppsette spesifikasjonane for yting.
  • Kommunane har ansvar for å melde frå dersom ein opplever at utstyret ikkje yter på eit forventa nivå, til dømes ved å vere ustabilt eller tregt.

Nedunder er eit oversyn over tenetsne som er knytt til dette tenesteområdet :

Print Friendly, PDF & Email