Skildring av teneste

IKTNH skal sjå til at kommunane til ei kvar tid har eit telefontilbod som gjer at telefonane vert ein viktig og nyttig ressurs i all kommunal aktivitet.

Sjølve telefonitenesta vert levert av ein tredjepartsleverandør, men gjennom planlegging, anbodsinnbyding, inngåing av avtalar med leverandør, samt tilpassing av vald løysing til kommunane sine behov, har IKTNH ei aktiv rolle i utforminga av telefonitilbodet i heile avtaleperioden.

Tenesta omfattar både fasttelefoni og mobiltelefoni. Telefonapparat knytt til fasttelefoni omfattar frittståande apparat med ulike tilleggsfunksjonar, samt softphones – telefonutstyr som vert kobla til ein pc. Når det gjeld mobiltelefoni kan ein velje å nytte enkle mobiltelefonar, eller telefonar med utvida funksjonalitet – sokalla smarttelefonar. Det er ingen avgrensingar med omsyn til kva operativsystem ein kan nytte.

IKTNH fylgjer også opp tenesta gjennom administrering av fasttelefonløysing, samt fyrstelinesupport via IKTNH sitt brukarstøttesystem.

Nedunder er eit oversyn over tenester knytt til dette området:

 

Print Friendly, PDF & Email