Skildring av gjeldande kvalitetskrav – tenestespesifikasjonar

For initiering og oppfylgjing av utviklingsprosjekt

  • IKTNH skal bidra med ressurspersonar i den grad innhaldet i prosjektet krev det.
  • Dersom utviklinga av prosjektet gjer det ynskjeleg eller naudsynt, skal IKTNH supplere dei involverte ressurspersonane med andre ressurspersonar.

 

For utvikling av yting og funksjonar i nettverk og servarpark

  • IKTNH skal til ei kvar tid utføre målingar av ressursbruken i nettverk og servarpark, med tanke på at det skal vere tilstrekkeleg kapasitet i systema.
  • IKTNH skal sjå til at nettverk og servarpark til ei kvar tid gjev systema høve til å levere ynskt funksjonalitet gjennom oppgradering og utviding av eksisterande ressursar.
  • IKTNH skal leggje til rette for utnytting av synergieffektar i bruk av system og programvare.

 

For rådgjeving ved innkjøp

IKTNH gjev råd om og bistand ved einskildinnkjøp via brukarstøttesystemet.

 

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane

  • Kommunane må rutinemessig sjå til at IKTNH vert deltakar i alle utviklingprosjekt knytt til ikt og ikt-bruk.
  • Kommunane må rutinemessig melde frå om mogleg nye behov for funksjonalitet eller yting i det eksisterande systemet.
  • IKTNH må vurdere behovet for deltaking i innmelde prosjekt, og ha høve til å omprioritere eigne ressursar i høve dette.

 

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

  • Kvalitetskontroll skjer ved at det vert laga skriftleg dokumentasjon av prosjektmøta og alle innspel i samband med desse.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email