Velkomen til IKT Nordhordland

IKTNH logo
Dampen
Kart
previous arrow
next arrow
Shadow

IKTNH har ansvar for utvikling og drift av den grunnleggjande ikt-strukturen i 12 kommunar i Vestland fylke.

Tenestene vi leverer, omfattar mellom anna rådgjeving, planlegging, innkjøp og tilrettelegging av programvare- og maskinvareløysingar, skanne-, kopi- og utskriftsløysingar, telefoniløysingar, samt nettverks- og servarløysingar.

Eit anna viktig tenesteområde er brukarstøtta vår – Service Desk. Her kan alle tilsette i kommunane IKTNH har avtale med, melde inn feil og få hjelp når dei står fast. Forutan at brukarane får hjelp, gjev brukarstøtta oss uvurderleg informasjon som vi kan nytte til å forbetre tenestene våre, og til å planlegge og prosjektere nye tenester.

Som ein hovudregel skal brukarane kontakte Service Desk via eit eige webbasert grensesnitt. Dit kan ein kome via menypunktet «Brukarstøtte» i hovudmenyen.

Vi har opparbeidd god kompetanse innan dei ulike tenesteområda, og kan sjå desse i ein samanheng. Tenestene vi leverer til kommunane, bidreg soleis til at dei vert godt rusta for å møte dei endringane som ei auka digitalisering innan offentleg sektor fører med seg. Eit oversyn over dei ulike tenesteområda finn ein her.

Eit eige personvernombod er knytt til IKTNH. Heimel og mandat til personvernombodet er å finne i Personopplysningslova. Korkje kommunane eller IKTNH kan instruere personvernombodet. Kvar kommune kan utnemne sitt eige personvernombod, men det er opna for at kommunane kan knyte til seg IKTNH sitt personvernombod som ei eiga teneste.

 

Telefonnummer: 53 00 34 00
Adresse: Hagellia 6, 5914 Isdalstø
Opningstid: 08:00 – 15:30 mandag – fredag

Org. nummer: 923 971 890

Print Friendly, PDF & Email