IKTNH held til i Hagellia 6.

Velkomen til IKTNH

Inngangsdør.jpgIKTNH har ansvar for IKT-tenester til Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy og Vaksdal kommunar. IKTNH vart etablert i september 2011 etter ein vertskommunemodell, der Osterøy kommune er vertskommunen.

Alle IKT-tenestene som dei einskilde kommunane tidlegare hadde ansvaret for, er no overført til IKTNH. Pliktene organisasjonen har, er beskrivne og vert regulert gjennom ein tenesteleveringsavtale og ein datahandsamaravtale mellom IKTNH og kvar einskild kommune.

Med desse avtalane ynskjer å oppnå dette :

  • Eit formalisert samarbeid mellom partane.
  • Foruseielegheit for både kommune og IKTNH.
  • At gjeldande regelverk til eikvar tid vert etterlevd.
  • At ein kan vere trygg på at alle leveransar samsvarar med avtalt kvalitetsnivå.
  • Gjensidig utveksling av driftinformasjon.

IKTNH stiller personell til rådvelde for handtering av oppgåver som

  • brukarstøtte,
  • meldingsmottak og -formidling,
  • teknisk drift,
  • tryggleik,
  • innkjøp, rådgjeving,
  • dokumentasjon,
  • IKT-strategi

IKTNH skal bidra til å understøtte og vidareutvikle kommunane sine oppgåver for på den måten å gjere dete lettare for desse å oppnå sine mål. I dag er om lag 12.500 brukarar knytt til IKT-miljøet i kommunane.

 

Tekst : Thomas Rønn-Aar
Foto : Rune Garmann

Web levert av CustomPublish