Totalleverandør av IT-tenester til eigarkommunane

Animert kart over Vestland fylkeskommune, med eigarkommunene til IKTNH uthevet

Ønska av kommunane

IKTNH er eit kommunalt oppgåvefellesskap som er eigd av 12 kommunar i Vestland fylke.

Løysing av oppgåver gjennom IKT-samarbeid gjer at ein kommune lettare kan driva effektivt med oppdaterte verktøy på ein sikker måte.

Effektive IT-løysingar

Digitalisering og Innovasjon (DI) og IKTNH styrer og koordinerer heile innkjøpsprosessen saman med eigarkommunane. Prosessen er godt ivaretatt heile vegen frå behovsanalyse og leveranse til at vi driftar systema. Saman har vi erfaring og kunnskap til å forhandle fram gode avtalar, med omsyn både til kvalitet og kostnadar. Med fellesavtalar for eigarkommunane blir samarbeidet ein attraktiv kunde for leverandørar. Gjennom innkjøpsportalen til IKTNH har tilsette i kommunane tilgang til å bestilla IT-verktøy med god kvalitet til gode avtaleprisar.

Sikkerheit i høgsete for kommunane

Informasjonssikkerheit og personvern er høgt prioritert i det moderne digitale landskapet. Saman med kommunane sin sikkerheitsorganisasjon (DS) forvaltar IKTNH omfattande tryggleikstenester for kommunane. Summen av tenestene vernar mot eksterne trugslar og sikrar at sensitive data vert handsama trygt. Saman gjennomfører vi tryggleiksvurderingar, og vi har oppdaterte sikkerheitssystem.