IKTNH vart etablert i september 2011 etter ein vertskommunemodell, der Osterøy kommune er vertskommunen.
IKTNH har ansvar for IKT-tenester i:
– Alver kommune
– Austevoll kommune
– Austrheim kommune
– Fedje kommune
– Gulen kommune
– Masfjorden kommune
– Modalen kommune
– Osterøy kommune
– Samnanger kommune
– Vaksdal kommune
Alle IKT-tenestene som dei einskilde kommunane tidlegare hadde ansvaret for, er no overført til IKTNH.
IKTNH skal bidra til å understøtte og vidareutvikle digitaliseringa av forvaltning og tenester i kommunane, for på den måten å gjere det lettare for desse å oppnå sine mål. I dag er om lag 12.500 brukarar knytt til IKT-miljøet i kommunane.
Oppgåvene organisasjonen har, er skildra og vert regulert gjennom ein tenesteleveringsavtale og ein datahandsamaravtale mellom IKTNH og kvar einskild kommune. Med desse avtalane ynskjer ein å oppnå dette :
– Eit formalisert samarbeid mellom partane.
– Forutseielegheit for både kommune og IKTNH.
– At gjeldande regelverk til ei kvar tid vert etterlevd.
– At ein kan vere trygg på at alle leveransar samsvarar med avtalt kvalitetsnivå.
– Gjensidig utveksling av driftinformasjon.
IKTNH stiller personell til rådvelde for handtering av oppgåver som
– brukarstøtte,
– meldingsmottak og -formidling,
– teknisk drift,
– tryggleik,
– innkjøp, rådgjeving,
– dokumentasjon,
– IKT-strategi
Eit samla oversyn over kva tenester IKTNH kan levere til kommunane, finn ein her.