IKTNH sin tenesteleveringavtale – innleiing

NB : Dette er IKTNH sitt utkast til ny avtale, og denne vert ikkje gjort gjeldande før rådmannsgruppa i kommunane som IKTNH har inngått avtale med, har hatt høve til å gjennomgå avtaleteksten. Når det er gjort, vil denne merknaden verte fjerna.

IKTNH sin tenesteleveringsavtale er eit dokument som skildrar kva tenester IKTNH skal yte til kommunane ein samarbeider med.

Tenesteleveringsavtalen er delt opp i fleire delar :

Tenesteleveringsavtalen – avtaledokumentet er kontraktsdokumentet mellom IKTNH og den einskilde kommunen. Dette er ikkje offentleg informasjon.

Tenesteleveringsavtalen – overordna avtaletekst skisserer grunnlaget avtalen er tufta på, og kva føringar som er lagt for avtalen. Denne informasjonen er fritt tilgjengeleg på IKTNH si heimeside.

Tenesteleveringsavtalen – tenesteområda skildrar dei ulike tenesteområde som er omfatta av avtalen, og dei ulike tenestene som er knytte til kvart område. Denne informasjonen er fritt tilgjengeleg på IKTNH si heimeside.

Tenesteleveringsavtalen – endringsoversyn dokumenterer dei endringar som vert gjort i avtalen i løpet av avtaleperioden. Slike endringar vert kontinuerleg implementert i Tenesteleveringsavtalen – overordna avtaletekst og/eller Tenesteleveringsavtalen – tenesteområde, og endringsoversynet skal gi den/dei som har sakleg behov for dette, høve til å sjå

  • kva endringar som er gjort
  • når endringane vart gjort
  • kven som er ansvarleg for tenesta/tenesteområdet endringa er gjort. Dette er ikkje offentleg informasjon.
Print Friendly, PDF & Email