For elevar:

Det er den einskilde skulen som administrerer passord og brukarnamn til dykk.
Dersom du ikkje hugsar brukarnamnet eller passordet ditt, vender du deg til kontaktlæraren din.

For tilsette:

Brukarnamn og passord på Feide er det same som brukarnamnet og passordet ditt i SING-systemet. Dersom du endrar passordet ditt, vil dette automatisk verte ditt nye passord i Feide.

Dersom du står fast, kan du i dei fleste tilfella løyse dette ved å gi deg sjølv eit nytt passord. Det gjer du på denne måten :

  • Trykk Alt+Ctrl+Delete.
  • I menyen som då kjem fram, vel du «Endre et passord».
  • Skriv inn det nye passordet – hugs at det må stette desse reglane :
    • Passordet skal ha minimum åtte teikn.
    • Av desse skal det vere minimum ein STOR bokstav, ein liten bokstav, og 1 siffer.
    • Du kan ikkje bruke same passord som dei tre tidlegare du har nytta, og passordet må ikkje likne for mykje på brukarnamnet / namnet ditt.

Når du har fått passordet ditt registrert, vil du kunne nytte det med ein gong.

 

 

Print Friendly, PDF & Email