Kommunane forvaltar store mengder personopplysningar. Nokre av desse opplysningane er sensitive, andre ikkje.

Det er sett strenge lovkrav til kommunane si forvaltning av sensitiv personinformasjon, og saman med IKTNH gjer kommunane sitt beste for å sikre at denne informasjonen er verna i tråd med gjeldande lover og føresegner.

Men også ikkje-sensitiv personinformasjon skal handsamast forsvarleg. Det betyr at kommunen ikkje skal dele ikkje-sensitiv personinformasjon med andre, med mindre det ligg føre ein sakleg grunn til dette. I dette ligg også at kommunen ikkje skal ta imot, lagre eller vidareformidle informasjon som kommunen ikkje har eit sakleg grunnlag for å bruke.

Ein del av forsvarleg forvaltning av data er å ta i vare for retten til innsyn. Når det gjeld innsynsrett, opererer ein med tre nivå :

  • Ålmenn innsynsrett skal gi publikum innsyn i kommunen si sakshandsaming og tenesteyting, og i det politiske arbeidet i kommunen. Normalt er det lite personinformasjon som vert gjort kjent i denne samanhengen, og i så fall er det som regel av di denne informasjonen er relevant i høve sakshandsaming.
  • Dersom ein er direkte involvert i ei konkret sak, kan ein ha rett på ytterlegare informasjon. Grunnlaget for dette vil i så fall gå fram av den einskilde saka.
  • Endeleg har den einskilde ein lovfesta rett til å få innsyn i kva personinformasjon kommunen måtte ha om vedkomande, og kva denne informasjonen vert nytta til. Datatilsynet har utarbeidd eit skjema, som den einskilde kan laste ned, fylle ut og oversende eigen kommune. Skjemaet kan ein finne ved å peike og klikke her. (word eller odf)
  • Ein har rett til å få korrigert feilaktig informasjon. Det er også mogleg å trekkje attende samtykke til at personinformasjon vert nytta. Sidan dette kan medføre at kommunen ikkje har grunnlag for å utføre einskilde tenester, må kommunen orientere om mogleg konsekvensar av at samtykke vert trekt attende.
Print Friendly, PDF & Email