Skildring av tenestene

IKTNH har ein høg IKT-fagleg kompetanse innan fleire felt. Dette gjer at IKTNH er ein ressurs for kommunane når dei skal arbeide med IKT-relaterte problemstillingar. Det er difor lagt til rette for at kommunane nyttar IKTNH sin kompetanse når dei arbeider med dette.

IKTNH har inngåande kjennskap til korleis servarpark, nettverk og programvare er sett opp og fungerer, og kan nytte denne kunnskapen til å utvikle funksjonaliteten i systemet og tilpasse denne til dei behova som kommunane måtte ha eller få.

Det er også viktig å merke seg at beslutningar i slike saker kan ha ringverknadar som ein ikkje kan forvente at den einskilde kommune skal kunne forutsjå. Ved å nytte IKTNH som rådgjevar gjer ein det mindre sannsynleg at slike utilsikta ringverknadar skal oppstå.

 

Skildring av tenestelevering

Initiering og oppfylgjing av utviklingsprosjekt

Denne tenesta omfattar fylgjande oppgåver :

  • Bidra til det strategiske arbeidet med utvikling av IKT-baserte tenester
  • Sjå til at ein er i front når det gjeld bruk av IKT-verktøy i tenesteproduksjonen
  • Foreslå igangsetting av utviklingsprosjekt
  • Vere ein aktiv deltakar i prosjektarbeidet

 

Utvikling av yting og funksjonar i nettverk og servarpark

Denne tenesta omfattar fylgjande oppgåver :

  • Sjå til at nettverk og servarpark til ei kvar tid gjev systema høve til å levere ynskt funksjonalitet.
  • Planlegge og kostnadsberekne naudsynte kapasitetsutvidingar for at dette er mogleg.
  • Vere merksam på eventuelle synergieffektar som ein kan dra nytte av i vidare utvikling av funksjonaliteten.

 

Rådgjeving ved innkjøp

Denne tenesta omfattar fylgjande oppgåver :

  • Gi råd ved innkjøp av IKT-utstyr som er omfatta av gjeldande rammeavtalar
  • Gi råd ved innkjøp av audiovisuelt utstyr
  • Gi råd ved innkjøp av telefonirelaterte tenester
Print Friendly, PDF & Email