Ein må rekne med at behov for ny funksjonalitet medfører behov for endringar av dei eksisterande IT-løysningane. Når slike behov oppstår, er det viktig at ein så langt som råd  kvalitetssikrar endringane før ein set dei ut i livet. Nedunder ser ein korleis prosessen med å melde inn, førebu og gjennomføre endringar vert gjort.

Ansvarleg : Oppgåve :
Brukar  Brukar melder behov for / ynskje om endring til superbrukar / IT-kontakt for den delen av IT-løysinga er aktuell for.
Superbrukar / IKT-kontakt Drøftar behovet i superbrukargruppe / med dei andre IKT-kontaktane. Dersom ein konkluderer med at ynskjet skal meldast inn, avtalar ein kven det er som skal melde inn ynskjet til IKTNH.
Bestillar Bestillar melder inn eit grunngjeve ynskje om endring av eksisterande IT-løysing. Nytt alltid IKT-hjelpa sitt web-baserte meldingssystem.
IKTNH  Saka vert motteken og loggført.
IKTNH IKTNH identifiserer behovet, og det vert oppretta ei spesiell utgreiingsgruppe.
IKTNH Utgreiingsgruppa ser nærare på ynskjet, og greier ut om det innmeldte behovet gjer det naudsynt å gjere endringar på IT-løysinga.
IKTNH Dersom utgreiingsgruppa finn at det er eit reelt behov til stades, skal fylgjande klårgjerast :

  • Kva fordelar vil endringane medføre ?
  • Kva ulemper – risiko – kan endringane medføre ?
  • Kva krevest av ressursar ?
  • Kva kostnader har endringane ?
  • Korleis er tilhøvet mellom kost og nytte ?
IKTNH Utgreiingsgruppa konkluderer. Dersom ein innstiller på å gjennomføre endringane, vert beslutning om dette teken internt dersom det ikkje har budsjettmessige konsekvensar. Fører det med seg behov for ekstra løyvingar, vert saka oversendt rådmannsgruppa.
Rådmannsgruppa Innstillinga vert drøfta, og konklusjon dregen.
IKTNH Dersom/når beslutning om endring er teken, vert planar for arbeidet lagt.
IKTNH Endringane vert testa innan dei vert implementerte og gjort tilgjengelege for brukarane. Eventuell dokumentasjon vert laga.
IKTNH / Den einskilde kommunen Informasjon om gjennomførte endringar vert gjort tilgjengelege for brukarane.

 

Print Friendly, PDF & Email