Dette er eit oversyn over korleis ein skal handsame hendingar som skjer som fylgje av endringar i dataløysinga. Døme på endringar som potensielt kan medføre slike hendingar er oppdatering eller oppgradering av programvare, eller strukturelle endringar i nettverks- og servarløysing.

Ansvarleg : Oppgåve :
Den som oppdagar problemet : Vedkomande gjev melding om hendinga, og beskriv henne. Nytt alltid IKT-hjelpa sitt web-baserte meldingssystem.
IKTNH  Saka vert motteken og loggført.
IKTNH Det vert oppretta ei intern gruppe som skal sjå på hendinga, og prøve å identifisere årsaka til det. Det kan vere aktuelt å trekkje inn faggrupper / superbrukarar i dette arbeidet.
IKTNH Denne gruppa kan arbeide med to målsetjingar

  • på kort sikt lage mellombelse løysingar som gjer at brukarane ikkje vert hemma i arbeidet sitt av tilsvarande hendingar,
  • på meir permanent basis finne, prøve ut og implementere løysingar som fjernar årsakene til at desse hendingane kan oppstå.
IKTNH Informere alle brukarar som er omfatta av hendingane om korleis dei skal agere for å unngå at nye tilsvarande hendingar oppstår.
Brukarar : Til eikvar tid rette seg etter instruksar frå IKTNH.
IKTNH Når årsakene til hendingane er kartlagde og identifiserte, og ei løysing er funnen og implementert, vert saka avslutta og registrert som løyst.

 

Print Friendly, PDF & Email