Prioritering av utbetrande tiltak ved ein nedetidssituasjon

IKTNH vil til ei kvar tid søkje å rette opp i nedetidssituasjonar så snart som mogleg, og med dei ressursar som situasjonen krev. For å sikre at ressursane vert nytta optimalt og i minst mogleg grad går ut over øvrige driftsoppgåver, er det utarbeidd retningsliner for gjennomføring av utbetrande tiltak, med utgangspunkt i kor viktig det er for kommunane at normalsituasjon raskt vert gjenoppretta.
Det er utarbeidd tre kategoriar av nedetidssituasjonar, basert på ei vurdering av omfang og konsekvens av den oppståtte situasjonen. Prioriteringa er knytt til kor mange personar som er råka av nedetidssituasjonen, og kva konsekvensar denne situasjonen kan ha for den/dei som vert råka.

Prioritet 1
omfattar, men er ikkje avgrensa til desse situasjonane :

  1. Situasjonar som kan medføre fåre for liv og helse,
  2. situasjonar som har konsekvensar for fleire tenesteområde i ein eller fleire kommunar,
  3. situasjonar som kan påføre kommunane store økonomiske utlegg.

I slike situasjonar vil arbeidet med skadeavgrensing og normalisering av situasjonen ha høgste prioritet, og IKTNH vil setje inn alle naudsynte ressursar med tanke på raskast mogleg gjenoppretting til normalsituasjon. Skulle det inntreffe fleire situasjonar samstundes, vil ansvarleg leiar prioritere arbeidet i tråd med lista over.
I dette ligg at IKTNH omdisponerer eigne ressursar, både mannskapsmessig og materielt. Men det betyr også at IKTNH ved ansvarleg leiar vil ha mandat til å hente inn ressursar utanfrå, det vere seg eksterne konsulentar eller ny maskinvare, utan å ha budsjettmessig dekning for dette, og utan å måtte ha ei godkjenning frå kommunane. Kostnadar ved dette vil i ettertid verte fordelt etter gjeldande fordelingsnøklar.

Prioritet 2
gjeld situasjonar som omfattar ein heil kommune, eller sektorar av fleire kommunar, og der konsekvensane av nedetida er potensielt alvorlege. I slike situasjonar vil arbeidet med skadeavgrensing og normalisering av situasjonen ha høg prioritet, og IKTNH vil setje inn disponible ressursar med tanke på rask gjenoppretting til normalsituasjon.
I dette ligg at IKTNH omdisponerer eigne ressursar, både mannskapsmessig og materielt, og skaffar til vegs ressursar utanfrå i den grad dette er naudsynt. Kostnadane ved dette skal primært takast innan vedteke driftsbudsjett. I den grad det syner seg naudsynt med tiltak det ikkje er budsjettmessig dekning for, skal desse gjennomførast i samråd med kommunane. Eventuelle ekstrakostnader vil i ettertid verte fordelt etter gjeldande fordelingsnøklar.

Prioritet 3
gjeld situasjonar som er avvik frå normalsituasjon, men der både omfang og konsekvensane vert vurdert som små. I slike situasjonar vil arbeidet med skadeavgrensing og normalisering av situasjonen verte gjort på ein slik måte at det i minst mogleg grad får konsekvensar for øvrig drift. Kostnadane ved dette skal primært takast innan vedteke driftsbudsjett, eventuelt bakast inn i seinare driftsbudsjett.
Det er kommunen/kommunane sitt ansvar å synleggjere omfanget og konsekvensane av nedetidssituasjonen. Det er IKTNH sitt ansvar å vurdere innkomen informasjon som grunnlag for kva kategori ein skal setje på situasjonen, og kva prioritet denne dermed får.

Informasjonen frå kommunane og IKTNH sine vurderingar vert lagra som grunnlag for dokumentering av handsaminga av situasjonen, og som tilfang i ei eventuell evaluering av situasjonen som har oppstått og handsaminga av denne.

Print Friendly, PDF & Email