Skildring av tenestelevering

  • IKTNH ser til at utrekninga av storleiken på lisensutgiftene for programvare knytt til nettverk og servarpark er basert på eit korrekt og etterprøvbart talmateriale.
  • IKTNH ser til at lisensutgiftene vert betalt til leverandørane i rett tid.
  • IKTNH ser til at kvar kommune vert fakturert for sin del av dei samla lisensutgiftene, i tråd med oppsette retningsliner.

 

Skildring av gjeldande kvalitetskrav – tenestespesifikasjonar

  • IKTNH og kommunane skal til ei kvar tid kunne dokumentere at deira bruk av lisensiert programvare er i tråd med inngåtte avtalar, og at oppgjer for dette er gjort til rett tid.

 

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane

  • Ein legg til grunn at kvar kommune leverer inn til rette tid korrekt oversyn over brukarar etc., i tråd med instruks frå IKTNH.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email