Skildring av teneste
Tenesta gjeld alle fagapplikasjonar som er eigenutvikla, innkjøpt og til dømes tilpassa. Tenesta dekker alle nødvendige aktivitetar for å sikre stabil og effektiv drift i samsvar med avtalte kvalitetskrav:
- Handtering av kontakt om driftsproblem
- Drift, som omfattar overvaking, sikring av tilgang og kapasitet, oppfølging og retting av systemfeil, men ikkje funksjonelle feil
- Datalagring (inkl. reservekopiering og ved behov tilbakekopiering av data)
- Tryggleik ved både tilgang og stabilitet
- Innføring av kvalitetssikra endringar etter rettleiing frå leverandørane
- Oppfølging i samband med driftsansvar mot leverandørar og andre ansvarlege hjå både eininga og IKTNH.
Kvalitetskrav :
- Tryggleik : Ein viser her til det som står om datatryggleik på IKTNH si heimeside – dette finn ein her.
- Oppetid : Tenesteleveringavtalen har eit eige kapittel om oppetid, som også omfattar denne tenesta. Informasjon om oppetid finn ein her.
- Handsaming av nedetidssituasjonar : Oppretting av feil vert prioritert ut frå kva konsekvensar feilsituasjonen kan ha. Dette er gjort særskilt greie for i tenesteleveringsavtalen. Informasjon om dette finn ein her.
På neste side kan ein lese meir detaljert om denne tenesta.
Pages: 1 2