Skildring av gjeldande kvalitetskrav – tenestespesifikasjonar

Brukarane skal kunne stole på at maskin- og programvare som dei nyttar, er tilpassa dei tekniske krava som til ei kvar tid vert stilt til utstyr i nettverket.

Kommunane skal kunne stole på at utstyr som IKTNH tek imot for avhending, vert handsama

  • med tanke på miljøvenleg handsaming, og
  • med tanke på at all informasjon som måtte vere lagra, ikkje kan kome uvedkomande i hende.

 

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane

Kommunane må sjå til

  • at utstyr som ikkje lenger stettar dei tekniske krav som vert stilt for utstyr i nettverket, vert skifta ut,
  • at utstyr som vert skifta ut, vert avhenda på ein forsvarleg måte, i tråd med tenesteskildring,
  • at avhenda utstyr vert erstatta av utstyr som stettar dei tekniske krav som vert stilt for utstyr i nettverket.

Brukarane må sjå til

  • at ein sikrar at automatisk oppdatering eller oppgradering av utstyret dei nyttar, kan verte utført. Dette skjer ved at utstyr som vert nytta, regelmessig vert slått av eller restarta.

 

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

  • IKTNH skal til ei kvar tid dokumentere gjeldande krav til utstyr i nettverket, og korleis dette er konfigurert.
  • Handsaming av brukarstøttesaker som er relatert til problem med kompatibelitet knytt til utstyr og programvare, skal leggjast til dokumentasjonen.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email