Skildring av teneste

Det logiske nettverket er delt opp i fire adskilte seksjonar:

  • Adm-nett – dette er reservert brukarar som er registrert som brukarar av adm-nettet når dei arbeider på arbeidsstasjonar som er registrert i domenet.
  • Ped-nett – dette er reservert brukarar som er registrert som brukarar av ped-nettet når dei arbeider på arbeidsstasjonar som er registrert i domenet.
  • Sikker sone – dette er reservert brukarar som er registrert som brukarar av adm-nettet og som dessutan har rett på tilgjenge til sikker sone når deiarbeider på arbeidsstasjonar som er registrert i domenet. Ressursar knytt til sikker sone er plassert på eigne dediserte servarar.
  • Gjestenett – dette kan nyttast av alle som er innanfor dekningsområdet til det trådlause nettverket, og som har utstyr som kan etablere kontakt med nettet, inklusivt ein telefon som kan motta SMS. Påkobling skjer via webportal.

 

Kvalitetskrav :

  • Tryggleik : Ein viser her til det som står om datatryggleik på IKTNH si heimeside – dette finn ein her. 
  • Oppetid : Tenesteleveringavtalen har eit eige kapittel om oppetid, som også omfattar denne tenesta. Informasjon om oppetid finn ein her. 
  • Handsaming av nedetidssituasjonar : Oppretting av feil vert prioritert ut frå kva konsekvensar feilsituasjonen kan ha. Dette er gjort særskilt greie for i tenesteleveringsavtalen. Informasjon om dette finn ein her.

På neste side kan ein lese meir detaljert om denne tenesta.

Print Friendly, PDF & Email