Skildring av teneste

SAN er ei forkorting for Storage Area Network – lagringsplass i nettverket. I IKT-løysinga er SAN lagringseininga for filer og databasar. Løysinga er sett opp slik at filer som ofte vert nytta, vert henta raskt fram, medan det tek noko lenger tid å hente fram filer som sjelden vert nytta.

 

Skildring av tenestelevering

Brukarane får tilgjenge til fillagring på desse områda:

Heimeområdet : H – dette er ei mappe som den einskilde brukaren – og berre vedkomande – har tilgjenge til.

Fellesområdet : F – dette er ei mappe som alle tilsette i ein kommune har tilgjenge til. Her kan ein lagre dokument som fleire skal ha tilgjenge til, og som det er viktig å ta vare på gjennom backup.

Mediafiler : M – dette er ei mappe som fungerer på same måte som F, men utan dei same rutinane for backup. Store mediafiler, som til dømes lyd- og videofiler, vert lagra her.

SAN er også lagringsplass for fagapplikasjonar som baserer seg på bruk av databasar. Når det gjeld garantert oppetid, syner ein til punktet «Tilgjenge og yting» i tenesteleveringsavtalen.

Når det gjeld backupløysingar, er det utvikla tre ulike backuprutinar, basert på kva datakategori det gjeld. Risiko for tap av informasjon er knytt til kor ofte det vert teke backup – ein risikerer kun å miste informasjon som er laga og lagra etter at siste backup er teken. Samstundes krev det å ta databackup ressursar, i form av auka trafikk på nettet og på servarane. Ein må difor tilstrebe å finne gode rutinar som balanserer omsyn til ivaretaking av data med omsyn til ressursbruk. Dermed er fylgjande rutinar etablerte:

  • Informasjon knytt til helse, pleie og omsorg vert det teke backup av kontinuerleg.
  • Informasjon knytt til øvrig tenesteyting og forvaltning vert det teke backup av minimum fire gongar pr døgn.
  • Mediefiler nytta av elevar vert det i utgangspunkt ikkje teke backup av.

 

Skildring av føresetnader for oppfylling av tenestespesifikasjonane

Ein syner til skildring av dette i artikkelen om «Fil- og heimeområde».

 

Skildring av rutinar for kvalitetskontroll

IKTNH skal til ei kvar tid kunne dokumentere kor stor del av tilgjengeleg datakapasitet som vert nytta.

 

Skildring av prosedyrar for avvikshandsaming

Uynskte hendingar/avvik knytt til kommunane sin bruk av data skal meldast. Alle tilsette i kommunen pliktar å melde frå om uynskte hendingar / avvik som er knytt til kommunen si forvaltning av data.

IKTNH har utarbeidd ei eiga orientering om korleis ein kan gjere dette – den finn ein her.

 

Print Friendly, PDF & Email