Del 1 – Om data som kjem frå kommunane

Kven er handsamingsansvarleg ?

Det overordna, juridiske ansvaret ligg hos dagleg leiar av IKTNH, Thomas Rønn-Aar.

Kva er føremålet med handsaminga av personopplysningar? Kva er det rettslege grunnlaget for bruken av dei ?

  • Det er den einskilde kommunen som skal gjere greie for føremålet med bruken av data som vert send til IKTNH frå kommunane. Kommunen har eit sjølvstendig ansvar for å gjere greie for kva som er føremålet med handsaminga av desse opplysningane. Det er også eit kommunalt ansvar å dokumentere det rettslege grunnlaget for innsamlinga og bruken av personopplysningar, eller om bruken av opplysningane vert gjort på grunnlag av eit aktivt og informert samtykke.

Kvar kjem opplysningane frå ?

  • Opplysningane vert vidareformidla til IKTNH frå den einskilde kommunen. Det er kommunen si oppgåve å oppgi sine kjelder for denne informasjonen.
Print Friendly, PDF & Email