Vert opplysningane vidareformidla ?

Ut over personinformasjonen knytt til telefoni vert ikkje denne informasjonen automatisk vidareformidla.

Etter oppmoding frå kommunane og på spesielle vilkår kan IKTNH formidle personinformasjon til kommunane. Vilkåra for dette er

  • at kommunen har tenestemessig behov for informasjon som det ikkje er mogleg å nå på annan måte, eller
  • at kommunen har mistanke om at ein har behov for denne informasjonen for å få avdekka mogleg kriminelle handlingar.

Det er kommunen sitt ansvar

  • å spesifisere kva informasjon ein er på jakt etter, og soleis avgrense uttak av informasjon til det ein har sakleg grunn til å få innsyn i,
  • å sjå til at vedkomande som informasjonen er knytt til, er orientert i tråd med lov- og regelverk.

Det er IKTNH sitt ansvar

  • å sjå til at kun den informasjonen som er etterspurd, vert formidla,
  • å sjå til at uttak og vidareformidling av informasjonen skjer på ein måte som ikkje krenkar personvernet til den/dei som er knytte til denne informasjonen.
Print Friendly, PDF & Email