Skildring av teneste

Beredskapsvakta skal sikre at kritiske / livsviktige tenester snarast råd vert operative att dersom dei av ein eller annan årsak sluttar å fungere. Den kan også ta imot meldingar om andre hendingar som vert oppdaga på tidspunkt når brukarstøttetenesta ikkje er bemanna.
Dette skjer ved at den/dei som registrerer at ei teneste ikkje fungerer, melder frå om dette til den som er vakthavande. Vedkomande som mottek meldinga, skal respondere i tråd med det som står i skildring av tenestelevering – sjå under.

 

Kvalitetskrav :

  • Tryggleik : Ein viser her til det som står om datatryggleik på IKTNH si heimeside – dette finn ein her.
  • Oppetid : Beredskapsvakta er operativ på dei tider der den ordinære brukarstøttefunksjonen ikkje er open. Generell informasjon om oppetid finn ein her.
  • Handsaming av nedetidssituasjonar : Respons på og oppretting av feil vert prioritert ut frå kva konsekvensar feilsituasjonen kan ha. Dette er gjort særskilt greie for i tenesteleveringsavtalen. Informasjon om dette finn ein her.

På neste side kan ein lese meir detaljert om denne tenesta.

Print Friendly, PDF & Email