Skildring av teneste

IKTNH har ansvar for installering og vedlikehald av all standard programvare på PC-ar som kan knytast til nettverket. Dette omfattar mellom anna

  • operativsystem (f.t. Microsoft Windows 10),
  • MS Office (f.t. 2010-versjon), som inneheld Excel, OneNote, Outlook, Powerpoint og Word,
  • Acrobat Reader,
  • program for fjernovertaking av PC – til brukarstøtte – (f.t. Team Viewer)

Ein må rekne med at standard programvareportefylgje kan verte endra i løpet av avtaleperioden, som ein del av utviklinga av tenesteleveransen.

IKTNH har etablert eit eige programvaresenter, som til ei kvar tid vil ha oversikt over kva programvare den einskilde brukar skal få tilgjenge til. Programvaresenteret viser eit oversyn over

  • installert programvare,
  • tilgjengeleg programvare,
  • alternativ,

Nye applikasjonar som ein bestemt brukar treng, vert gjort tilgjengelege for nedlasting og installering via programvaresenteret etter at dei er blitt testa ut med omsyn til kompatibelitet med utstyr og anna programvare. Alle oppdateringer fra Microsoft vert gjort tilgjengelege via portalen.

 

Kvalitetskrav :

  • Tryggleik : Ein viser her til det som står om datatryggleik på IKTNH si heimeside – dette finn ein her. 
  • Oppetid : Tenesteleveringavtalen har eit eige kapittel om oppetid, som også omfattar denne tenesta. Informasjon om oppetid finn ein her. 
  • Handsaming av nedetidssituasjonar : Oppretting av feil vert prioritert ut frå kva konsekvensar feilsituasjonen kan ha. Dette er gjort særskilt greie for i tenesteleveringsavtalen. Informasjon om dette finn ein her.

På neste side kan ein lese meir detaljert om denne tenesta.

Print Friendly, PDF & Email