Definisjonar og fortolkingar

Her er ei spesifisering av tydinga av einskilde omgrep i denne DHA :

Omgrep Forklåring
Datahandsamar… … er den parten som med heimel i denne DHA handsamar personopplyningar på vegne av den handsamingsansvarlege.
Den registrerte… … er ein identifisert eller identifiserbar fysisk person.
Gjeldande personlovgjeving… …er dei til ei kvar tid gjeldande reglar om handsaming av personopplysningar og informasjonstryggleik, inkludert EU sitt personverndirektiv 95/46 / EC, EU-forordning 2016/679 (heretter kalla GDPR) eller anna EU-lovgjeving, nasjonale eller internasjonalt bindande personvernlover eller forskrifter som er gjeldande så lenge denne DHA er gyldig, og som regulerer den handsamingsansvarlege eller datahandsamaren. «Gjeldande personlovgjeving» inkluderer bindande rettleiing, avgjedsler og vedtak frå reguleringsorgan, domstolar eller andre relevante organ.
Handsaming… … tyder ein kvar operasjon eller rekkje av operasjonar som vert gjort med personopplysningar, anten automatisert eller ikkje, som til dømes innsamling, registrering, organisering, strukturering, lagring, tilpassing eller endring, attfinning, konsulering, bruk, utlevering ved overføring, spreiing eller andre former for tilgjengeleggjering, samanstilling eller samkøyring, avgrensing, sletting eller øydeleggjing.
Handsamingsansvarleg… … er den parten som åleine eller i fellesskap med andre bestemmer føremål og middel for handsaming av personopplysningar.
Hovudavtalen… … er avtalen som er inngått mellom partane.
IKTNH… … er IKT-Nordhordland, som er ein stabsfunksjon under rådmannen i Osterøy. Frå og med 1. Januar 2020 vil IKT-Nordhordland vere eit eige selskap under §19b i kommunelova
Personopplysningar… … er ei kvar opplysning om ein identifisert eller identifiserbar fysisk person. Ein identifiserbar fysisk person er ein person som direkte eller indirekte kan identifiserast, særleg ved hjelp av ein identifikator som til dømes, namn, id-nummer, lokaliseringsopplysningar, ein online-indifikator eller eitt eller fleire element som er spesifikke for vedkomande fysiske person sin fysiske, fysiologiske, genetiske, psykiske, økonomiskle, kulturelle eller sosiale identitet.
Pseudonymisering… … er handsaming av personopplysningar på ein slik måte at personopplysningane ikkje lenger kan knytast til ein bestemt registrert utan bruk av tilleggsopplysningar, under føresetnad av at desse tilleggsopplysningane vert lagra aadskilt og er omfatta av tekniske og organisatoriske tiltak som sikrar at personopplysningane ikkje kan knytast til ein identifisert eller identifiserbar fysisk person.
Tilsynsmyndigheit… … er ein uavhengig offentleg instans som agerer i tråd med GDPR artikkel 51, som til dømes Datatilsynet i Danmark, Datainspektionen i Sverige, og Datatilsynet i Noreg.
Tryggleiksbrot… … er eit brot på tryggleiken som fører eller kan føre til utilsikta eller ulovleg øydeleggjing, tap, endring, ulovleg spreiing av eller tilgjenge til personopplsyningar som er overført, lagra, eller handsama på annan måte.
Underleverandør… … er ein tredjeparts underleverandør som er tilsett av datahandsamar for å bistå i handsaming av personopplysningar på vegne av og etter instruks frå, den handsamingsansvarlege.

Attende til framsida.

Print Friendly, PDF & Email