Tenesteområdet «Standardisering, installering og vedlikehald av programvare» skal tene fylgjande føremål:

  • Å sjå til at dei tilsette i kommunane har tilgjenge til programvare som gjer at dei kan utføre ikt-relaterte oppgåver på ein god og rasjonell måte.
  • Å sjå til at programvaren som vert nytta, er kompatibel med dei øvrige dataverktøy som vert nytta.

Så langt dette er praktisk mogleg, å sjå til at den nytta programvaren til ei kvar tid er oppgradert til den nyaste versjonen som er kompatibel med dei dataverktøy som vert nytta. Dette skjer gjennom fylgjande tiltak:

  • Alle kommunale PC-ar som skal stå i SING sine nett, vert utstyrt med ei standard programvarepakke.
  • Det vert gjort enkelt for brukarane å supplere dette med program som ligg på eit eige programvaresenter, der dei programma som skal vere tilgjengelege for ein gitt brukar, er tilgjengelege i oppdatert versjon.

Kommunane og IKTNH har eit felles ansvar for å sjå til at pc-ar som vert nytta er utstyrt med programvare som gjer det mogleg å utføre dei tenkte oppgåvene på ein sikker måte.

  • IKTNH har ansvar for til ei kvar tid å leggje til rette for at pc-ar som skal nyttast i sing-nettverket, kan setjast opp med korrekte innstillingar og versjonar av programvare. Dette skjer gjennom oppdatering av programvare som vert nyinstallert på pc-ane, og gjennom automatisk oppdatering av programvare som alt er installert på pc-ane.
  • Kommunane må gjennom eige ikt-reglement sjå til at dei tilsette ikkje får lov til å installere programvare på pc som er stilt til rådvelde for vedkomande før IKTNH har vurdert programvaren som ikkje skadeleg for datatryggleik og funksjonaliteten til andre program på pc-en.

Nedunder er eit oversyn over tenester knytt til dette området :

Print Friendly, PDF & Email