Tenesteområdet «Teknisk drift av utstyr i nettverket» skal tene fylgjande føremål:

  • Å sjå til at alt utstyr som handsamar data som den einskilde kommunen forvaltar, gjer dette med minimal risiko for at gjeldande tryggleiksstandardar vert sett til side.

Dette skjer gjennom fylgjande tiltak:

  • Konfigurering av alle PC-ar som er tilknytta SING-nettverket og vert nytta av registrerte brukarar, slik at desse vert korrekt tilkobla nettverket.
  • Konfigurering av anna utstyr slik at det fungerer korrekt i nettverket, både med omsyn til bruk og med omsyn til datatryggleik.

Kommunane og IKTNH har eit felles ansvar for å sjå til at utstyr som vert nytta i nettverket, held naudsynt teknisk standard.

  • IKTNH har ansvar for til ei kvar tid å leggje til rette for at pc-ar som skal nyttast i sing-nettverket, kan setjast opp med korrekte innstillingar og versjonar av programvare. Dette skjer gjennom oppdatering av programvare som vert nyinstallert på pc-ane, og gjennom automatisk oppdatering av programvare som alt er installert på pc-ane.
  • Kommunane har ansvar for at alt utstyr som vert knytt opp mot nettverket, er korrekt konfigurert, og at utstyr som ikkje lenger kan nytte oppdatert programvare, vert fasa ut.

Nedunder er eit oversyn over tenestene knytt til dette tenesteområdet.

Print Friendly, PDF & Email